Bodils spiskammers

av Eikrem, Bodil Fjellestad

Verdas søtaste jordbær og plommer, saftig kje, lam og svin, doggfriske urter, nytrekt laks og aure. Kjøkkensjef Bodil Fjellestad Eikrem finn inspirasjon og råvarer i heimbygda Gloppen i Nordfjord når ho lagar oppskriftene sine.
«Bodils spiskammers» byr på lekre rettar og menyar til kvardag og fest - med drikketips til kvar rett. Oppskriftene byggjer gjerne på gamle mattradisjonar, men har ein moderne vri. 
 Bodil har laga oppskrifter på forrettar, hovudrettar og dessertar som er enkle å følgje, og av råvarer alle finn på butikken. 
 Bodil Fjellestad Eikrem (f. 1981) har bakgrunn frå velrenommerte restaurantar som Lofoten fiskerestaurant i Oslo og Spisekroken i Bergen, og gjer no suksess som kjøkkensjef på Gloppen hotell. Ho er også kåra til årets Bondelagskokk i 2013/2014. 
 Bodil brenn for ureist mat, og meiner tett samarbeid med lokale mat- og drikkeprodusentar er nøkkelen til suksess. Mange av desse vert presenterte i boka. 
 Spennande mat på freistande fat.
 God appetitt!