Grunke busettning, støls- og hytteliv

av Gunnar Hauge

Dette er boka om stølsgrenda Grunke i Vestre Slidre. Grunke ligg mellom Hemsedal og Valdres, og har som grenseområde ei spennande historie med konfliktar og rettsaker både mot hallingar og vangsgjeldinar. Like frå sist på 1600- talet og fram mot siste verdenskrig er det dokumentert fastbuande folk her det mest av tida. Det er eit hardt og nøysamt liv å bu heile året innunder Gråkampen og Blåkampen der attmed Grunka.

Audselg kunne det vera, men også eit knutepunkt for jegerar, fekarar og folk på ferdsel. Oppe langs fjellet gjekk ein gamal kløvveg frå midtre og sørre Valdres og til Vestlandet.

Boka let deg følje historia til området frå gamal tid og fram til i dag, gjennom stølsliv, sal av stølar og tomter til hytter utover frå 1920, og slutt eit nesten reint hyttesamfunn.