Alt vel

av Totland, Marit Elisebet Høines

Året er 1884 og tida er prega av endring.  Nokre endringar kjem av seg sjølv, andre må ein ha mot for å følgja med på. Silda, som vestlendingane før kunne henta utanfor eigne holmar og skjer, drar ein no til Island for å henta. Om ein vågar.

Det er om lag tretti år til kvinner får røysterett og gifte kvinner har ingen råderett over det familien eig, men i Skudeneshavn sender enkefru Thoresen skip til Island.

Telegrammet bringer siste nytt frå fjernt og nær. Men ikkje frå Island. Det tar tid før dei som går heime og ventar får vita kva som eigentleg hende under uvêret 11.september 1884, då Normannastormen herja.

Alt vel  er ein historisk roman som tar deg med til ei tid då alt var mykje lenger vekke enn eit tastetrykk.