Kynnehuset - Vestegdske folkeminne

av Peter Lunde

Eit kynnehus var eit hus det ein tidt var gjest, eit hus der ein kunne samlast utan å vera beden, eit hus der vertskapet tok vel imot alle. Ved slike høve blei det fortalt slike soger, segner og eventyr og kvede slike stev som står nemnde i denne boka. 

Det var Peter Lunde frå Søgne som reiste rundt på indre Agder og samla inn dette stoffet. Det meste av innsamlingsstoffet er frå Fjotland og Eikjen, men her er au innsamlingsstoff lenger aust og søraust mot Kristiansand. Originalutgåva av boka blei utgjeven i 1923-1924 av Norsk Folkeminnelag.