Med bonden Trygve Haugeland i upløgt mark

av Ådne Fardal Klev

"Eg trur ingen av våre omgangsvener har hatt det så moro som kona og eg," uttalte Haugeland i 1996. Denne boka tar føre seg livssoga til Trygve Haugeland, men også om den trufaste følgjesvenen hans gjennom over 60 år, Bergljot. 

Me fylgjer Trygve frå barndomsheimen i Lyngdal og gjennom skolegang på ungdomsskolen i Kvås, landbruksskolen i Søgne og seinare Landbrukshøgskolen på Ås. Etter endt utdanning var han heilt sentral i oppbygginga av Tomb Jordbruksskole, seinare Lyngdal Jordbruksskole og i 1960-åra også Wondo Gennet jordbruksskole i Etiopia. 

Innan politikken hadde han fleire sentrale verv. I 1940- og 1950-åra var han fleire år varaordførar i heimbygda, før han i 1958 fekk ein periode på Stortinget for Vest-Agder Senterparti. I denne perioden var han utsending til Hovudforsamlinga i FN tre gonger. I 1968 blei han formann for det såkalla ressursutvalet, og i Korvald-regjeringa var han miljøvernminister ein kort periode. I 11 år var han medlem av Nobelkomiteen, i 16 år medlem av hovudstyret i Noregs Vassdrags- og Elektrisitetsvesen og dessutan medlem av styret i NORAD ei tid. 

Haugeland hadde mange ulike oppdrag for misjonen, mellom anna i Etiopia, Sør-Sudan og Liberia. Han var fylkeslandbrukssjef i Vest-Agder frå 1967 til 1977, og hadde fleire tillitsverv innan ulike landbruksorganisasjonar. For det var bonde han fyrst og framst kalla seg. 

I denne boka blir soga om Trygve Haugeland fortalt på ein levande måte. Boka bygger for ein stor del på intervju og dagboksnotat frå hovudpersonen sjølv, men også andre kjelder er brukte for å skapa ei solid framstilling av ein mann som sette djupe spor etter seg på så mange felt innan norsk samfunnsliv.