Ordførar og opprørar. Andreas Lindland og "Lindlandsepoken" i Kvinesdal.

av Ingvar Olimstad

Andreas Lindland (1836-1927) var ordførar i Kvinesdal i åra 1875-1876 og 1880-1899. "Lindlandsepoken" kallar vi tida då han regjerte i Kvinesdal. Det var tida då store veganlegg blei sette i gang og mange nye skulehus kom på plass i grendene.

Lindland var ein omstridd mann. Han hadde ein finer med i det meste som skjedde i bygda; bondehovding, bankmann, dampskipsdisponent, lakseeksportør, forsikringsagent og framfor alt politikar. Det er mest uråd å setja Lindland i bås. Han var jaabækianer og indremisjonsmann, radikal og stokk konservativ, venstremann og høgremann. Møt embetsmenn og presteskap kunne han svinga svepa når han tykte det var på sin plass. Lindland kraup ikkje for nokon.

I ein brann i 1916 strauk alle kommunestyreprotokollar og -papir med, og då Lindland-huset brann i 1937, gjekk det som måtte vera av praivatarkiv opp i flammar. Derfor veit ettertida lite om mannen, og mykje av det som skjedde i Lindlandsepoken er gøymt og gløymt.

Denne boka er eit forsøk på å teikna eit bilete av mannen og tida som har fått namn etter han.