Anton Ryen - Offiser i strid og fangenskap

av Terje Kleiven

På slutten av 1970-talet kom Sigmund Ryen tilfeldigvis over ein Sjuande sans under ein ryddesjau heime hjå seg. Det viste seg å vera dagboka far hans hadde skrive da han sat i tysk krigsfangeskap i 1943-45. 

Med bakgrunn i desse notata tek vi følgje med kaptein Anton Ryen frå dei fortvila forsvarskampane på austlandet i aprildagane 1940, gjennom eit liv i eit okkupert utkantstrøk til han blir arrestert den 10. desember 1942............

I Vågå levde ei kvinne med tre ungar. Med angst og hugsott for ein som var borte. Og med utfordring om å få endane til å møtast, der livet måtte gå sin gang så godt som det let seg gjera. Dei var også eit offer for krigen... Først i juni 1945 kunne familien endeleg samlast, etter ei lang og dramatisk heimreise gjennom ei slagmark der det meste låg i ruinar.