Klebereventyret på Bårstad og Sagflaten

av Terje Kleiven

Eg kan sjå han for meg, kleberarbeidar'n der han i gråljosningsmorgonen kjem på mopeden sin, med Trygghjelm og store skinnhanskar. Kjeldressen er støvgrå og slitt. Lutande går han inn i gruva med karbitlykta i neven, eller tek plass ved vekta for å ta imot mjølet. Eller han startar maskineriet på taubana eller saghuset. Eg kan sjå han for meg på kvilerommet, den lugne humoren, historia, den humrande skratten. Men kven er han? Og kva gjer han? Det er i grunnen at denne boka handlar om. Kleberarbeidarn, som nesten 80 år utgjord ei av dei viktigaste næringane i Vågå og Sel, ja, i heile Gudbrandsdalen.