Draumen om framtidslandet: Utvandringa frå Hornindal til Amerika

av Tomasgard, Paul O.

I løpet av 60 år forlet om lag 760 honndøler heimbygda for å søkje lykka i Amerika. Dei slo seg ned i Midtvesten som farmarar eller innbyggarar i småbyane. Dei drog vestover til Stillehavskysten, oppover til gullgravarbyane i Alaska og til prærieområda i Canada. Etter kvart enda mange i store byar som Minneapolis, New York, Seattle og San Francisco.
Boka fortel om tilhøva i Hornindal kring midten av 1800-talet, om oppbrotet frå heimegrendene, reisa over havet og om det nye livet i Amerika. Boka inneheld korte biografiske opplysningar om storparten av dei utvandra, samt oversikt over alle dei som kom tilbake og overtok gardsbruk. Dette var personar som drog til Amerika for å tene seg pengar som dei kunne setje inn i farsgarden.
Det vert fortalt om banda som i lang tid var levande mellom dei utvandra og landet dei forlet. Innhaldet i boka er illustrert med om lag 300 bilete, kart og teikningar. Dei fleste er av personar som vandra ut, av familiane deira og stadene der dei slo seg ned.