Perstølen Libris

Gol

Me overtok A.Hesla bokhandel på Gol 1.juli 1966, då Gerda og Asle Hesla avslutta bokhandelen etter mange års drift. Me flutte inn i nytt bygg i øvre sentrum på Gol 1977. Der opplevde me brann i februar 2000 og me kunne åpne i nye lokaler i juli same år. Her gjekk det unna!

Lokallitteraturen utgjer som på Ål og Nesbyen, ein stor del tå total-omsetninga i året på boksida. På Gol har me bøker tå alle slag og gjennom Libris kan me tilby godt utvalg til gode prisar. Gol er ein typisk turiststad og me ynskjer alle velkomen til handel, anten det gjeld bøker eller kontorrekvisita. Vi har og bra utvalg i lydbøker, DVD,CD og musikk. Me har gode prisar på toner/blekkpatroner og anna rekvisita gjennom vårt samarbeid med Kontorspar.

Gol er og ein stor turistkommune, og folk er flinke til å handle lokalt. Sjølvsagt har me bra utvalg i spel, puslespel, farger,tegneblyanter og liknande formingsvarer for den yngre garde.
Gol ligg midt i dalen, med vegkryss over til Hemsedal og Valdres.

Me ligg sentralt plassert i øvre Gol sentrum, bra med parkeringsplassar og ligg nær Kremmartunet.

Velkomen innom te en triveleg handel!